ContainerutleigeSuldal Renovasjon tilbyr containerar i alle storleikar både til næringslivet og til private. Bedrifter har som regel behov for faste avfallsløysingar, mens private i større grad har varierte behov.Du kan vere trygg på at avfallet du leverer frå deg blir behandla på ein miljøvennleg og forsvarleg måte i vårt nye sorteringsanlegg i Gåsavika 17.
Bildekk , kvitevarer og elektriske artiklar kan leggast på toppen av containeren etter avtale. Det skal ikkje vere noko form for farleg avfall i containeren. Dette skal ikkje vere i containeren:
- Kjemikalier
- Maling, beis og lakk
- Lim og løysemidler
- Kvikksølv
- Frost og spylevesker
- Oljer
- Sprøytemidler
- Batteri
- Lystoffrøyr og sparepærer
- EE-avfall (Kvitevarer og andre elektriske artiklar)
- PCB (eldre vinduer, lysarmaturer, kondensator m.m)
- Asbest
- Større mengder gips og impregnert
- Gulvbelegg
EE- avfal og PCB vinduer kan etter avtale tas ved henting av container. Farleg avfall er spesialavfall, som leverast til næraste godkjente mottak, som er på Gåsavikja Miljø, 4230 Sand
|